Skildring
Fiks bekymringsmelding, også kjent som Nasjonal portal for bekymringsmelding, forenklar og moderniserer måten bekymringsmeldingar blir sende til barnevernet på. Utvikla av KS i samarbeid med Barne-ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), tilbyr denne digitale løysinga ei effektiv og sikker plattform for både privatpersonar og offentleg tilsette.
Gevinstar
Sikker digital innsending
Fiks bekymringsmelding gir brukarar ein enkel måte å logga inn, fylla ut, og senda bekymringsmeldingar digitalt til barnevernet. Offentlege Sensitiv informasjon blir handtert trygt og konfidensielt. Portalen gjer det også mogleg for systemleverandørar å utvikla støtte for å senda bekymringsmeldingar direkte frå andre fagsystem gjennom eit API. offentleg tilsette med meldeplikt til barnevernet kan då senda melding direkte frå fagsystemet dei jobbar i.
Varetek rettstryggleik og personvern
Løsningen bidreg til å auka rettstryggleiken og personvernet til barna ettersom meldingane kjem inn raskare og blir sende på ein sikker måte. Meldingar kan akuttvurderast, slik lova tilseier. Det digitale skjemaet inneheld rettleiing til den som sender bekymringsmelding, noko som gir betre kvalitet på meldingane me får inn. Barn som treng det, kan dermed få raskare og rettare hjelp.
Effektiv informasjon og rask respons
Fiks bekymringsmelding sender bekymringsmeldingar direkte til fagsystemet for kommunen, sikrar god informasjon og effektiv behandling. Med brukarvennleg rettleiing og klart språk bidreg løysinga til betre kvalitet på meldingane, som gjer det enklare for barnevernet å handla raskt for barn som treng hjelp.
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- Inngå databehandlaravtale med med KS om bruk av Fiks-plattforma
- Underskriv tenestevedlegg