I DigiVestland er det fleire kommunar som allereie har vore gjennom same prosess og som gjerne delar av erfaringane sine. Årdal har fått nyta godt av erfaringsutveksling med Bergen kommune, Alver kommune og Kvam herad, som svarte på spørsmål om kravspesifikasjon, anbodsprosess, erfaring med ulike leverandørar av ePlansak og eByggesak og viste demo av korleis løysingane ser ut i kommunane deira. 

Faggruppa held kontakten med Årdal kommune vidare inn i arbeidet og svarer på spørsmål undervegs. Ein av fordelane med DigiVestland-samarbeidet er nettopp at dei små kommunane kan få støtte og draghjelp frå litt større kommunar i omfattande prosessar, som t.d. ei stor anskaffing.  

Kontakt 
Marte Øen Iversen, koordinator faggruppe plan, bygg og geodata
marte.iversen@avoconsulting.no