Meta si KI-teneste er ein slags chatbot. Til liks med ChatGPT og Google Bard er han eit døme på såkalla generativ kunstig intelligens. Generativ kunstig intelligens kan laga til dømes tekst og bilete basert på spørjingane til brukarane. For å utvikla denne typen tenester, krevst det store datamengder til å trena opp KI-modellane og det er derfor Meta vil bruka alle dei bileta og innlegga som me har lagt ut på deira kanalar (Facebook og Instagram). 

Mange har reagert på at innhaldet deira blir brukt på denne måten, sidan innlegg og bilete på sosiale medium ofte er av privat karakter. Når det gjeld innlegg på kommunale sider er dei ikkje private, men allikavel er samtykka til bruk av desse gitt til bruk i innlegg med ei lokal og avgrensa målgruppe og det vil derfor kunna vera eit tillitsbrot om dei skal brukast til å trena opp ein global KI-teneste. 

Treninga er òg kontroversiell fordi informasjonen frå Meta om temaet er vanskeleg å forstå, og det er usikkert om treninga skal gå føre seg på andre personopplysningar enn innlegg og bilete, til dømes kommentarar på innlegg, likerklikk o.l.  

Det er ikkje mogleg for verksemder, medrekna kommunar, å protestera på bruk av bilete til KI-trening, slik privatpersonar kan. Dersom ein privatperson protesterer, gjeld det berre eige innhald, ikkje andre personar/verksemder sine innlegg med personen.  

Så kva kan vi som kommune gjere?

Desse tiltaka bør du gjere uavhengig av Metas KI-trening:

  • Først og fremst få oversikt over alle sidene til kommunen/profilar (under dette skular, barnehagar osb.) på Meta sine plattformer og kva som er posta av personopplysningar der. 
  • Sjekk kva slags vurderingar du har gjort av bruken til kommunen av sosiale medium (eks DPIA). Oppdater vurderingane, eventuelt gjer vurderingar dersom du ikkje alléreia har gjort det.  
  • Sjekk personverninnstillingane på kommunens sider/profilar på Metas plattformer (Vel «Personverninnstillingar og verktøy»), vel dei mest personvernvennlege innstillingane.

  
Desse tiltaka bør du gjere spesifikt med tanke på eventuell kommande KI-trening frå Meta:

  • Vurder å sletta personopplysningar om innbyggjarar (Ver likevel obs på om noko som ligg der er arkivpliktig! Høyr med arkivet i kommunen din før du slettar, sjekk eventuelt Digdirs sider) 
  • Vurder nærværet til kommunen på Metas plattformer.