Nokre av dei noverande gruppene i DigiVestland vil ikkje bli vidareført i same form etter nyttår. Det er eit mål å vidareføre arbeidet på andre måtar enn tidlegare.
Uansett vil vi gjerne si ein særleg takk til alle dykk som har bidratt i gruppene!
Faggruppe HR
Sakene HR-gruppa har diskutert vil heretter ikkje gjerast i regi av DigiVestland. Det er eit etablert HR-nettverk i KS Vest, som antageleg kan fylle behovet kommunane har. Sekretariatet vil følge opp overgangen saman med KS Vest.
Tenestedesign
Tenestedesign er eit verktøy DigiVestland vil fortsetja å nytte i samband med til dømes prosjekt, men det vil ikke lenger vera ein eigen faggruppe for tenestedesign. Sekretariatet vil sjå på måtar samarbeidet kan vidareføre den samla kompetansen i regionen, og gjera tiltak knytta særleg til utvikling av konsept også framover.
IT-drift
Faggruppe IT-drift har for ein stor del vore sjølvdriven av kommunane den siste tida. IT-drift er grunnlag for digitalisering, men har ikkje ein tilsvarande møteplass i samstyringsstrukturen. Kommunane står fritt til å fortsetja samarbeidet, men framover vil ikkje DigiVestland ha ein eigen ressurs som kallar inn til møter og elles legg til rette for gruppa.
Sekretariatet
Fram til no har sekretariatet hatt ei budsjettramme på rundt 10 millionar kroner. I samband med ny avtale er nokre oppgåver tatt ut, og finansieringsbehovet redusert til maks 8 millionar kroner. I dette ligg inntil sju årsverk.
Budsjettramma har ei føresetnad om at alle kommunane slutter seg til avtalen, og kapasiteten kan komme til å måtte justerast når det blir klart kva kommunar som inngår i DigiVestland.