Oppvekstsektoren fekk i 2023 nasjonal Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole for perioden 2023-2030. Det har vore informert om strategien til kommunane, men vi ser at det i tillegg trengst dialog om kva ansvarsområde faggruppa skal prioritera på vegne av medlemskommunane.
DigiVestland ønskjer derfor å gå gjennom strategien på nytt og avdekkja kva kommunane i Vestland har behov for at DigiVestland skal prioritera vidare. Til dette arbeidet ønskjer vi å engasjera to rådgivarar frå oppvekstområdet i kommunar i DigiVestland.
Oppdraget
DigiVestland oppvekst søkjer to rådgivarar frå kommunane som kan utvikla og gjennomføra ein prosess som skal sikra representativitet og innverknad frå kommunane i det vidare arbeidet i faggruppa.
Dette inneber følgjande:
- Sette seg inn i strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole
- Gjennomføra innsiktsarbeid i kva og korleis DigiVestland oppvekst skal arbeida framover, på bakgrunn av gjeldande strategi for sektoren
- Planleggja og gjennomføra innspelsprosess i kommunane i DigiVestland om vegen vidare som sikrar god representasjon frå kommunane
- Identifisera tema og tiltak som faggruppa kan jobba vidare med
- Bidra til avklaringar med andre digi-nettverk sine oppvekstgrupper
- Utarbeida forslag til prioriteringar av aktivitetar for faggruppe oppvekst i DigiVestland
Tid og ressursbruk
Engasjementet har eit omfang på éin dag i veka over ein periode på to månader. Dette kan eventuelt utvidast ved behov. Rådgivarane blir frikjøpte frå eigen kommune etter gjeldande satsar. Rådgivarane jobbar saman i eit team og vil samarbeida tett med sekretariatet i DigiVestland. Arbeidet går føre seg digitalt. Oppstart vil vera rundt mars 2025. Avslutning seinast mai 2025.
Gevinstar ved deltaking
- Auka kompetanse og kunnskap om digitalisering av sektoren
- Utvida personleg læringsnettverk
- Nettverksbygging
- Detaljkunnskap om føringar og satsingar som er på plass og som kjem
- Byggja relevant kompetanse og kunnskap ute i kommunane
- Bruka ressursar frå nettverket i kommunane
Ønsker din kommune å bidra med ressurser inn i dette arbeidet? Gi tilbakemelding til Ole Ekroll (Ole.Ekroll@bergen.kommune.no) innen 17.januar. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål.