Ved oppstart av innføringa her i Vestland hadde omlag 25% av kommunane teke i bruk Kjernejournal. Etter første innføringsløp auka dette til 37%, og etter tredje løp var heile 81% av kommunane i gang. Den systematiske tilnærminga, med bruk av styringsdata for å visa fordelane, har vist seg å vera berekraftig. Det var derfor naturleg at KS, når dei skulle ta fatt på sitt første nasjonale innføringsløp, ønskte å frikjøpa Grimstad til å leia dette. 

– Erfaringane frå den regionale innføringa har vore essensielle for den nasjonale. Eg var spent på om det var mogleg å skalera opp frå 15 til 48 kommunar, men det fungerte veldig bra, sjølv om det kravde litt meir koordinering, seier Grimstad. -Det var spesielt gledeleg at dei tre lokale kommunane var med i det nasjonale løpet - vi ligg veldig godt an med utbreiinga i Vestland!

-I Kjernejournal har kommunane no ein grunnkomponent for vidare digitalisering av legemiddelområdet. Vi oppmodnar no kommunane, legar og helseforetak til å halda kjernejournalen oppdatert og ta den i bruk i  pasientgjennomgangar. Dette vil spara tid og sikra rett informasjon, spesielt ved skifte av omsorgsnivå - noko som forbetrar pasienttryggleiken, avsluttar Grimstad.