Beskrivelse

Digitalt ledsagerbevis er ei nasjonal fellesløysing for å registrera, halda oversikt og distribuera ledsagerbevis til innbyggjar. Løysinga gir innbyggjar høve til å få ledsagerbeviset tilgjengeleg på mobilen sin, også når dei er i område utan mobildekning.

Gevinstar for kommunen

  • Effektiv og enkel registrering med oppslag mot folkeregisteret
  • Gi foreldre/verja tilgang til å visa ledsagerbeviset på mobilen
  • Historikk logg over aktivitetar knytt til ledsagerbeviset
  • Statistikk og oversikt over status på registrerte ledsagerbeviset
  • Trekke tilbake ledsagerbevis ved evt. misbruk
    Sikker pålogging og innebygd informasjonstryggleik ved lagring av bilete
    Tilgangsstyring 
  • Ei godt fungerande ordning for ledsagerbevis støttar opp om det frivillige lokalt, og også pårørandes ubetalte omsorgsarbeid. 
  • Det blir vanskelegare å manipulera eller forfalska kort og tydelegare om det er gyldig.

Gevinstar for innbyggjar

  • Løysinga vil ha spesielt mykje å seia for barn og unge med stort hjelpebehov og som anten har delt bustad eller som oppheld seg mykje i avlastingsbustad.
  • Enkelt å lasta ned og logga på første gong.
  • Meir diskret løysing å visa ledsagerbeviset på telefonen enn eit fysisk kort.
  • Auka fleksibilitet og alltid tilgjengeleg på mobil, også offline.
  • Mindre logistikk i kvardagen.
  • Fleire som kan hjelpa til i kvardagen.
  • Enkelt å henta ned ved byte av telefon.
  • Tilgjengeleg på telefon og nett.
  • Standardisert utsjånad medfører færre spørsmål om det er gyldig.
     

Kor mykje kostar løsysinga?

Tenestene blir prisa etter prinsippet berekraftig sjølvkost. Det betyr at inntektene skal dekkja alle kostnader knytt til tenesta.

  • Fastpris kr. 150,-
  • Innbyggjarpris kr 0,083 (x talet på innbyggjarar i kommunane)
  • SMS 70 øre pr SMS
  • Dokumentlager 0,74 kr per GB (lagring av bilete)
  • Det blir gitt ein rabatt til kommunar basert på talet på innbyggjarar.

Les meir om pris her

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. For å ta i bruk Digital ledsagerbevis må kommunen ha hovudavtale med KS og i tillegg signera tjenestevedlegget for Digitalt ledsagerbevis

Desse DigiVestland-kommunane har teke i bruk løysinga

  • Bremanger kommune
  • Gloppen kommune
  • Gulen kommune
  • Kvam herad
  • Kvinnherad kommune
  • Masfjorden kommune
  • Sogndal kommune
  • Stad kommune
  • Stryn kommune