Skildring

Digisos er eit samarbeid mellom KS Digital, kommunane og Arbeids- og velferdsdirektoratet som utviklar og forvaltar digitale sjølvbeteningsløysingar for økonomisk sosialhjelp.  Per dags dato er følgjande løysingarr ferdigutvikla:

  • Digital søknad om økonomisk sosialhjelp
  • Innsynsløysing for brukar
  • Innsynsflate for NAV kontaktsenter

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

For å ta i bruk Digisos-løysingane, må kommunen signera avtalar med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og fagsystemleverandør.

  1. Kommunane må inngå følgjande avtalar med Arbeids- og velferdsdirektoratet:
    Samarbeidsavtale - kun eksempel (pdf)
    Databehandleravtale - kun eksempel (pdf)
    Avtale om innsynsflaten for NAV Kontaktsenter (Modia Sosial) (pdf) 
     
  2. Kommunane må inngå følgjande avtalar med KS: 
    Avtale om bruk av Fiks-tjenestene (KS)
     
  3. Kommunen må inngå nødvendige avtalar med fagsystemleverandør. 

Les meir om avtalene her
 

Kor mykje kostar løsysinga?

DigiSOS er bygd opp på samarbeidet mellom NAV ved Arbeids- og velferdsdirektoratet, KS Digital og fagsystemleverandørar. Kommunen vil derfor betala til alle samarbeidspartnarane.
 

KS Digital driftar Fiks Digisos. Oppdatert prisliste finn du på sida prisoversikta til KS Digital. For å ta i bruk Fiks Digisos må kommunen betala eingongskostnad for tilknyting til Fiks Digisos. Eingongskostnaden gjeld medlemskapen i Digifin-ordninga (ks.no) - KS si finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt. 

Kostnadene for oppgradering av fagsystemet i samband med påkopling og bruk av Digisos-løysingane avklarer kommunen med fagsystemleverandøren sin.

Les meir om pris her

Desse DigiVestland-kommunane har teke i bruk løysinga

Alle kommunane i DigiVestland-samarbeidet har teke i bruk både digital søknad (DigiHot), innsynsløysing for bruker og innsynsflate for NAV kontaktsenter utanom Kvam og Vik.