Beskrivelse

Digihelsestasjon basisløysinga er ei dialogteneste mellom helsestasjons- og skulehelsetenesta og innbyggjar. Her kan innbyggjar på ein sikker og trygg måte senda og få meldingar, få oversikt over avtalar, informasjon om kva som skjer på neste kontroll, få varslingar, moglegheit for å avbestilla time og få tilgang til relevant informasjon.

Gevinstar for kommunen

Meir effektiv tidsbruk for tilsette

At brukarar sjølv kan avbestilla timar gjer arbeidsdagen lettare for dei tilsette, som vil oppleva at fleire brukarar gir beskjed om dei ikkje kan møta til oppsett avtale.

Betre oppfølging av brukarar
For tenesta er det gevinstar knytt til betre oppfølging av brukarane og meir effektiv tidsbruk. I tillegg ser ein at løysinga kan redusera talet på ikkje-møtt.
 

Gevinstar for innbyggjar

Betre brukaroppleving 

Innbyggjarane får enklare kontakt med helsepersonell gjennom eit tilgjengeleg og sikkert digitalt verktøy. Ved å logga inn på Helsenoreg kan brukarane sjå avtalar dei har med heilsetenesta i kommunen. Dei kan også avlysa avtalar. Dette gjer det enklare for brukarane å planleggja eigen kvardag
 

Tryggleik for brukar 

Innbyggjarane får oversikt over avtalar samtidig med at dei sjølv kan henta ut nødvendig informasjon. Brukarar og pårørande kan enkelt og trygt senda og få meldingar som kan innehalda sensitive opplysningar ettersom løysinga krev sikker innlogging, slik som Bank ID på mobil.

 

 

 

Kor mykje kostar løysinga?

Kostnader for drift og forvaltning av Digihelsestasjon er allereie inkluderte i fakturaen frå Norsk helsenett om betaling for nasjonale e-helseløysingar, jfr. Forskrift om standardar og nasjonale e-helseløysingar § 16. Betaling gjeld for forvaltning og drift av nasjonal innbyggjarportal (helsenoreg.no) og dekkjer også tilknytingsavgift.

Leverandøren av den elektroniske pasientjournalen (EPJ) kan krevja eit vederlag for bruk av Digihelsestasjon. Vederlaget blir ofte berekna med utgangspunkt i innbyggjartal, men er samtidig eit resultat av avtalar og eventuelle forhandlingar mellom kommunen og EPJ-leverandøren. Dersom det ikkje blir felles gjennomført forhandlingar på vegner av fleire kommunar, må kommunen sjølv kontakta EPJ-leverandøren for tilbod og avtala. Dei relevante leverandørane er Visma, Infodoc og CGM.

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. Kommunen må godta generelle bruksvilkår for Helsenoreg dersom dette ikkje allereie er gjort. Tenesta krev og såg ein databehandlaravtale. For å få ei oversikt over dette kan du kontakta Norsk helsenett, NHN.
  2. Kontakt leverandør for å oppgradera EPJ-system og setja opp sjølve løysinga