Skildring
Digihelse er ei løysing for digitale helse- og omsorgstenester (helsenoreg.no).
Løysinga kan nyttast av alle kommunane i landet. Ved å ta i bruk Digihelse kan innbyggjar og helse- og omsorgsteneste til kommunane kommunisera på ein enkel og effektiv måte.
Innbyggjarane kan logga seg inn på helsenoreg.no for å
• senda og få meldingar frå helse- og omsorgstenestene i kommunen
• sjå avtalar om heimebesøk og avbestilla besøk
• få varsel om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post
Gevinstar for kommunen
Effektiv tidsbruk
- Sparer tid ved færre bomturar og telefonar
- Meldinger dokumentert i EPJ
Kontakt med pårørande
- Enklare å involvera pårørande ved ein trygg kanal for kontakt og innsikt i tiltakslista
Gevinstar for innbyggjer
Oversikt over når hjelpa kjem
- Kan planleggja dagen sin
- Avbestille og endra besøk
- Har innsikt i tiltakslista
Digital kontakt med tenesta
- Slepp telefonkø – ofte kontakt med ein dei kjenner
- Meir effektiv oppfølging av beskjedar
- Sikker og trygg kommunikasjon
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- Medlemskap i Digifin
- Inngå avtale med KS
- Ta kontakt med Norsk helsenett og aksepter avtale og bruksvilkår
- Inngå avtale med leverandør av pleie- og omsorgssystem.
Kor mykje kostar løysinga?
Prisen for å ta i bruk Digihelse er ein kombinasjon av enkeltkostnader og løpande kostnader.
Trykk her for å lese meir om prismodell for Digihelse