Om tiltaket
Leveransane i DigiBarnevern omhandlar:
- Nasjonal portal for bekymringsmeldingar
- barnevernfagleg kvalitetssystem
- Ny rapporteringsløysing frå staten
- Digitale innbyggjartenester
Diginettverkene har sidan 2022 hatt jamlege møte, og i 2023 har møta også vore opne for barnevernleiarar/ prosjektleiarar/ tilsette i barneverntenesta. For å sikra rett fokus vart det gjennomført ei kartlegging blant barneverntilsette og diginettverk, og resultatet vart eit webinar med tre utvalde tema der kommunar landet over delte av erfaringane sine knytt til førebuingar og anskaffing av nytt fagsystem, erfaringar knytt til innføring av nytt fagsystem og prosessarbeid knytt til mellom anna endring i arbeidsflyt. Webinaret vart teke opp med mål om å sikra deling av erfaringar og prosessar.
Vidare prosess i 2023 omhandlar å følgja opp prosessen frå 2022, og bidra til at leveransane i DigiBarnevern blir optimaliserte og effektivisert i tråd med dette. Det er etablert ei gruppe regionalt som blir invitert med i det vidare arbeidet med å utarbeida kravspesifikasjon for nytt fagsystem, og å utarbeida ei konseptbeskriving for vidare oppfølging av DigiBarnevern i 2024. prosjektet har også teke initiativ til deltaking i etablert nettverk (Buf dir/ KS) for barneverntenesta.
DigiVestland er sekretariat for ei arbeidsgruppe på tvers av dei regionale digi-nettverka. KS deltek òg. Formålet er innføring av leveransane i kommunane, og tilrettelegging for erfaringsdeling.
Status per juni 2024
Det er i 2024 gjennomført 4 arbeidsmøte og eit webinar med fokus på status for dei ulike leveransane i DigiBarnevern, tryggleik og opplæring. Det blir gitt positive tilbakemeldingar på denne forma for erfaringsdeling på nasjonalt nivå. Det blir jobba med å sjå på framtidige strukturar som inkluderer DIF og oppgåvefordeling mellom Diginettverk og KS.
Fagsystem for barneverntenesta inneheld sensitive personopplysningar og krev høg grad av tryggleik. Dette er utfordrande med tanke på at dei ulike leveransane i DigiBarnevern er eigde av ulike aktørar, og krev openheit. Eksempelvis rapportering til Buf dir/SSB direkte frå system, digitale bekymringsmeldingar, innbyggjartenester og tilgang til eigen journal etc.