Artikkelen skildrar korleis skoleeigar kan verna personopplysingane til elevane og sikra ei tryggare digital læringsoppleving ved å administrera tilgangen til tilleggstenester i Google Workspace for Education. 

 

Steg 1: Skru av innlogging i tilleggstenestene 

Ved å skru av innlogging i tilleggstenester vil ikkje opplysingane om namnet og e-postadressa til eleven behandlast av Google.

 

Steg 2: Lærar byggjer inn YouTube-videoar direkte i Google Classroom (embedding)

Viss ein lærar byggjer inn ein YouTube-video i Google Classroom som elevane skal sjå på som ein del av undervisinga, vil   ikkje Google samle inn og behandla personopplysingar i samband med at eleven ser på videoen.

 

Merk at dette ikkje utgjer ei uttømmande skildring av korleis ein skoleeigar kan implementera tilleggstenester på ein måte som fullt ut er i tråd med forpliktingane i opplæringslova. Skoleeigar må sjølv ta stilling til skildringane ut frå eigen risikovilje.

Les heile artikkelen her