Bruksbaserte betalingsmodellar skal gjera det mogleg for lærarar og elevar å få meir tilpassa og dynamisk tilgang og bruk av læringsressursar og læremiddel. Samtidig skal krav til personvern, universell utforming og anskaffingar blir varetekne på ein tilfredsstillande måte.
KS søkjer no fleire pilotkommunar for å få mest mogleg erfaring med korleis modellen kan tilpassast best mogleg til kommunar av ulik storleik, og som har ulike erfaringar med vurdering og bruk av digitale læremiddel.
Ønskjer kommunen din å delta?
Dersom kommunen din ønskjer å melda interesse for å delta i piloteringa kan de fylla ut dette skjemaet. Det er ønskjeleg at kommunar melder interesse for deltaking innan 6. januar.
Det blir planlagt eit oppstartsmøte for interesserte kommunar torsdag 9. januar kl. 9-11.
Frist for å søkja om å få delta er 27. januar.