Beskrivelse

Multidose i e-resept er maskinell pakking av legemiddel i posar til personar som treng hjelp til å dosera og hugsa å ta legemidla sine.

Ved bruk av multidose i e-resept vil multidoseansvarleg lege (oftast fastlegen) vidareformidle fullstendig legemiddelliste som blir send via reseptformidlaren til eit multidoseapotek. Det er same melding som skal nyttast i legemiddellista til pasienten (PLL). Multidoseapotek pakkar legemiddel i multidose basert på legemiddellista og tilhøyrande reseptar.

Gevinstar for kommunen

Betre tilgjengeleg legemiddeloversikt for helsepersonell
Alle behandlande legar kan lasta ned legemiddellista til pasienten frå reseptformidlaren. Anna helsepersonell med tjenstleg behov kan lasta ned legemiddellista til pasienten frå kjernejournal.

Færre pasientskadar som følgje av doble forskrivingar.

Gevinstar for innbyggjar

Tryggare legemiddelbehandling
Det blir utarbeidd ei komplett legemiddelliste for pasientar som får legemiddel i multidose, og som er kvalitetssikra av legen og apotek.

Færre pasientskadar som følgje av doble forskrivingar.

Kor mykje kostar løsysinga?

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

Korleis implementerar ein i organisasjonen?

Desse DigiVestland-kommunane har teke i bruk løysinga