Er klarspråk eit av dei beste verktøya for betre tenester og effektivisering av arbeidet? 

Denne gongen har me fått med Språkrådet og KS sin klarspråk-avdeling som medarrangørar. Me vil gi kommunane i Vestland så mange kontaktpunkt og så mykje nyttig innhald me kan, og derfor er konferansen også for deltakarar frå resten av offentleg sektor. 

Skal du på éin konferanse i 2025 kan dette vera den mest lønnsame konferansen å delta på. Her får du mange konkrete tips og nyttig innhald som kan brukast av alle som driv med klarspråk i ein digital kvardag. 

Program

Dag 1 er fylt med gode foredrag og innlegg om mellom anna KI, klart språk til sårbare grupper, og kva som skal til for å ta ut gevinstar av klarspråkarbeid. Dagen blir avslutta med middag og underhaldning i sjølvaste foajeen i Grieghallen. 

Dag 2 er endå meir praktisk retta, med både skrivekurs, brukartesting, delingstorg og innlegg om konkret bruk av KI. Me avsluttar dagen med gode råd om bruk av klarspråk som verktøy for å skape tryggleik, og lunsj med podcast og kanskje premiar. 

Pris

Det er et mål at konferansen skal vera så overkommeleg som mogleg å delta på. Vi tilbyr deltaking med eller utan middag, men prisen er den same om du vel å delta på ein eller to dagar. Normal pris for deltaking er kr 3 990 med middag, og kr 3 490 utan middag.

Refusjon

Er du tilsett i ein av kommunane i DigiVestland kan du i tillegg få ytterlegare reduksjon i prisen. DigiVestland subsidierer sine medlemmar med 1 000 kr per deltakar. Når konferansen er gjennomført vil kommunane få meir informasjon om refusjonsordningen. 

Pris for DigiVestland-kommunar blir dermed:
Konferanse med middag kr. 2 990,-
Konferanse utan middag kr 2 490,- 

Overnatting

Konferanseprisen er utan overnatting. På den måten kan du sørge for overnatting privat eller velje akkurat den overnattinga som passer best. Dersom du ønsker overnatting på eit av hotella som er nærast til Grieghallen, har me forhandla fram ein god pris for deg som bestiller før 13. februar. 

Meld deg på, og les meir om program, hotell og praktisk informasjon på KS sin nettside.