Beskrivelse
Fiks arkivlett byggjesak er ein av seks standarddar i Fiks protokoll. Standarden er tilrettelagd for innsyn i kommunale plan- og byggjesaksarkiv når desse er strukturerte med metainformasjon i tråd med ArkivLett-standarden.
Fiks arkivlett byggjesak har støtte for søk og innsyn i kommunale arkiv og er tilrettelagd for eksterne system. Grensesnittet kan til dømes brukast av eit søknadssystem for byggjesaker til å finna tidlegare teikningar eller vedtak på ein eigedom.
Kor mykje kostar løsysinga?
Fiks protokoll er finansiert med prosjektstøtte gjennom Digifin. Digifin er ei finansieringsordning for realisering av nasjonale digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren. Kommunar og fylkeskommunar som er med i Digifin-ordninga, må betala ei prosjektavgift for å ta i bruk løysingane som blir utvikla med støtte frå ordninga. På den måten blir utviklingskostnadene fordelte på dei som tar løysingane i bruk, og pengar går tilbake til ordninga for gjennomføring av nye digitale fellesprosjekt.
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- For å ta i bruk Fiks protokoll må kommunen ha hovudavtale med KS.
- Når kommunane legg til rette arkivet for ekstern tilgang med dette grensesnittet, må dei på førehand ha gått gjennom arkivet og påført innhaldet relevant metainformasjon etter Arkivlett-standarden. Dette kan skje gjennom bruk at maskinlæring og kunstig intelligens. Arkivet må òg vera i tråd med regelverk for sensitive data og GDPR.