Beskrivelse

Fiks arkivlett byggjesak er ein av seks standarddar i Fiks protokoll. Standarden er tilrettelagd for innsyn i kommunale plan- og byggjesaksarkiv når desse er strukturerte med metainformasjon i tråd med arkivlett-standarden.

Fiks arkivlett byggjesak har støtte for søk og innsyn i kommunale arkiv og er tilrettelagd for eksterne system. Grensesnittet kan til dømes brukast av eit søknadssystem for byggjesaker til å finna tidlegare teikningar eller vedtak på ein eigedom.

Gevinstar for kommunen

Gevinstar for innbyggjar

Kor mykje kostar løsysinga?

Fiks protokoll er finansiert med prosjektstøtte gjennom Digifin. Digifin er ei finansieringsordning for realisering av nasjonale digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren. Kommunar og fylkeskommunar som er med i Digifin-ordninga, må betala ei prosjektavgift for å ta i bruk løysingane som blir utvikla med støtte frå ordninga. På den måten blir utviklingskostnadene fordelte på dei som tar løysingane i bruk, og pengar går tilbake til ordninga for gjennomføring av nye digitale fellesprosjekt. 

KS Digital - Prisoversikt Fiks-plattformen

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. For å ta i bruk Fiks protokoll må kommunen ha hovudavtale med KS.
  2. Når kommunane legg til rette arkivet for ekstern tilgang med dette grensesnittet, må dei på førehand ha gått gjennom arkivet og påført innhaldet relevant metainformasjon etter Arkivlett-standarden. Dette kan skje gjennom bruk at maskinlæring og kunstig intelligens. Arkivet må òg vera i tråd med regelverk for sensitive data og GDPR.

Korleis implementerar ein i organisasjonen?

Desse DigiVestland-kommunane har teke i bruk løysinga