Guiden er utforma av Inklud AS og Lillestrøm kommune på oppdrag frå DigiViken med støtte frå Bufdir.
Denne guiden er utvikla som eit nyttig verktøy for å hjelpa tilsetja i kommunane med å sikra at digitale dokument oppfyller krava til universell utforming, i tråd med nasjonale reglar og FN sine berekraftsmål.
Kva kan du forventa?
- Introduksjon til universell utforming og kvifor det er viktig.
- Praktiske døme på korleis du kan laga tilgjengelege dokument i Word, PowerPoint og PDF.
- Demonstrasjon av testing, testverktøy og kvalitetskontroll.
- Spørsmål og svar med fokus på utfordringar i kommunal kontekst.