Beskrivelse
Digital Dialog Fastlege er ei teneste mellom fastlege og pasient som gjer det mogleg med sikker kommunikasjon over internett. Over 80% av legekontora i Noreg bruker nå Helsenorge som innbyggjars kontaktflate til kontoret. Bli med på det nasjonale tilbodet!
Kor mykje kostar løsysinga?
Fastlegars bruk av Helsenoreg-tenestene blir tilbode kostnadsfritt frå Norsk helsenett som del av dei nasjonale e-helse løysingane.
Fleire journalleverandørar tilbyr pasientdialog via Helsenorge utan ekstra kostnad for legekontoret, men det er opp til kvar einskild journalleverandør korleis dei vel å prisa produktet sitt, så legekontoret må undersøkja kva som gjeld for leverandøren sin.
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- Journalleverandøren (EPJ-leverandør) må tilby tenesta Digital dialog fastlege. Fastlegane kan kontakta journalsystemleverandøren sin for å høyra om leverandøren tilbyr DDFL.
- Legekontoret må ha ein driftsleverandør. Til dømes ein lokal IT-leverandør, eller tilknyting til helsenettet gjennom ein tredjepartsleverandør.
- Den som utfører tinginga må ha signaturrett/prokura for verksemda.