Beskrivelse
Altinn Samtykke gjer det mogleg å få tilgang til data om personar eller organisasjonar som det offentlege har innhenta tidlegare. Til dømes likningsdata. Samtykke blir brukt når du ikkje har heimel til å innhenta opplysningane utan samtykke frå den som eig dei.
Gevinstar for kommunen
- Deling av opplysningar gjennom samtykke gir kjappare saksbehandling, og betre bruk av offentlege data.
- Dette er med på å skapa ein meir transparent offentleg sektor, der brukarane til kvar tid kan sjå kva data som er delt med kven.
Gevinstar for innbyggjar
- Det gjer det lettare for brukarane å vera i kontakt med det offentlege. Og det gjer det mogleg for private aktørar å bruka offentlege data på ein god og sikker måte.
- Det er lett og oversiktleg for brukaren å dela data gjennom samtykke i Altinn. Etter at samtykke er gitt kan brukaren sjå kva data som er delte med kven i “Profilen min” i Altinn.
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- Dersom du skal kopla deg på ei samtykkeløysing som allereie finst, treng du ikkje nokon avtale med Altinn.
- For å utvikla ei ny løysing med å bruka Samtykke treng du ein avtale med Altinn. Du kan sjekka her om etaten din eller kommune allereie bruker Altinn.