I eit felles prosjekt gjennomfører og testar KS og Bergen kommune nasjonal vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA) for Googles produkt og tenester i skulen – Google Workspace Education.

DPIAen er i ferd med å bli ferdigstilt og KS skolesec skriv i nyheitsbrevet sitt at denne vil publiserast i august. Saman med DPIAen, vil KS tilby ei ny form for rettleiing til kommunane. Rettleiinga vil ikkje bli eit tradisjonelt PDF-dokument, men heller fleire rettleiingswebinar der ulike kommunar blir rettleidde på direkten. 

Frå DigiVestland er det Ullensvang kommune som skal rettleiast, 26.september klokka 12:00 – 13:30. Her kan du lesa meir om tilbodet og melda deg på webinaret.
 

Samling rundt leirbålet

I tillegg til veilednignswebinarene arrangerer KS skolesec lågterskelsamlingar der kommunar og KS samlast rundt det digitale leirbålet for å dela historier og erfaringar frå det praktiske arbeidet med informasjonstryggleik og personvern. Tema for samlingane: 

  • 23. aug: «Alle de spørsmålene om DPIA du ikke tør å stille fordi du føler at nå, 6 år etter at GDPR trådte i kraft, burde du vite svaret» med Terje Johansson Vullum (Trondheim kommune) og Ida Thorsrud (KS)
  • 20. sept: «Hva må du som skoleeier og behandlingsansvarlig tenke på før du tar i bruk KI-teknologi? Hva er forvaltningskostnaden?» med Alexander Joyce (Vestfold og Telemark fylkeskommune) og Ida Thorsrud (KS)
  • 17. okt: Kjem, men mest sannsynleg noko med tredjelandsvurderingar!
  • 15. nov: Kjem!
  • 20.des: Kjem!

Her finn du teamlenkje til samlingane.