Det er i dag krevjande å søkja om byggjeløyve. Søkjar må forhalda seg til eit komplisert regelverk, der utegløymde opplysningar kan føra til unødvendige forseinkingar i søknadsprosessen. For saksbehandlar kan manglande informasjon føra til misforståingar og meirarbeid.

Kommunar får i dag byggjesøknader via e-post, papir og digitale løysingar. Det ligg eit potensiale føre i å auka andelen digitale byggjesøknader.

For å identifisera potensialet og formålstenlege tiltak har to konsulentar frå Capgemini gjort eit omfattande innsiktarbeid. Dei har intervjua 13 kommunar, fire leverandørar av eByggesøk, leverandørar av eByggesak og DiBK.

Hovudfunn frå innsiktarbeidet tilseier at det er stort potensiale for å henta ut fleire gevinstar i digitaliseringa av byggjesøknader. Det er behov for å forenkla søkjeprosessen for søkjar, noko som igjen vil gi auka bruk. Ved å implementera sentrale tiltak i vegkartet, vil ein kunna realisera fleire gevinstar og ta viktige steg i retning av ein fulldigital byggjesektor. Tiltaka vil også bidra til auka kvalitet  i søknadene.

Ei vidare digitalisering av byggjesaker vil forenkla og effektivisera kvardagen for tilsette i kommunen og søkjer, og dessutan heva kvalitet i alle ledd av søknadsprosessen.